«Sviker – historien om en frontsøster»

Astrid har heile livet bore på ein mørk løyndom: Ho vart dømd for landssvik for si gjerning som sjukepleiar for Tysk Røde Kors under 2. verdskrigen. Oppgjerets time er komen. Kvifor har ho ikkje sagt noko?

Astrid er ei eldre kvinne som lever i isolasjon. Berre ein mannleg heimesjukepleiar kjem på besøk av og til. Plutseleg står sonen i stova hennar. Han veit og han vil ha svar. Kva var det ho var med på ved fronten? Sonen sin konfrontasjon gjer at røynda tek til å gå i oppløysing for Astrid. Notid og fortid tek til å gli over i kvarandre. Plutseleg er det ikkje berre sonen som er i rommet saman med henne, det er nokre andre der også … Kva er det eigentlege sviket hennar? 

I 2015 var det 70 år sidan krigens slutt. 1. januar same året vart landssvikarkivet opna for offentleg innsyn, og familiar vart dermed tvungne til å sjå sine medlemer i nytt lys. Frontsøstrene har fått ny aktualitet med boka «Himmlers valkyrjer» av Eirik Gripp Bay som vart gjeven ut i november 2017. Boka feller ein tydeleg dom over deira gjerningar. «Sviker - historien om en frontsøster» er ikkje ei domsavseiing, men ein meditasjon over eit menneske sitt liv. 

Ved 2. verdenskrigs slutt var 450 norske frontsøstre i arbeid for Tysk Røde Kors. I det norske landssvikoppgjeret vart mange av frontsøstrene dømde for si teneste på tysk side, til protestar frå Den internasjonale Røde Kors-komitéen. Røde Kors peika på at folkeretten gjev dei rett og plikt til å yta humanitær bistand til alle partar i ein krig, og at forhindring av Røde Kors sitt humanitære arbeid, samt forfølgjing av Røde Kors-personell er eit krigsbrotsverk. Høgsterett uttalte at ”den ting å gjøre tjeneste for fienden like bak fronten er et meget alvorlig forhold”. Retten samanlikna dette med å vera frontkjempar og den strengaste straffa for å ha vore frontsøster var på tre års tvangsarbeid, rett nok i kombinasjon med andre alvorlege forhold. Videre måtte dei dømde betala attende den løna dei hadde fått. 

Det er dramatikar Marius Leknes Snekkevåg som står for sceneteksten. Han har tidlegare skrive to manus for Scenekraft; «Rabinowitz» (2011) og «Heks» (2012). «Sviker – historien om en frontsøster» er siste del i hans trilogi om Noreg under andre verdskrigen, der Rabinowitz var den første delen og «Jeg vil vaske verden ren» (Kilden, 2017) den andre. 

MEDVERKANDE

Skodespelarar: Nina Sele og Ola Magnus Gjermshus

Manus: Marius Leknes Snekkevåg 
Musikk: Halvor Lillesund / Vegard Fossum 
Regi: Elsa Aanensen
Scenografi: Gjermund Andresen 
Videodesign: Sabina Jacobsson
Lysdesign: Trygve Andersen 
Dramaturg: Vera Krohn Svaleng 
Røyrslekonsulent: Nuri Ribera Anfinsen 
Produsent: Elsa Aanensen 

_
_
_