Svortland skule: Mindre åleine SAMAN

Velkommen til den årlege innsamlingskonserten av 5.–7. trinn ved Svortland skule.

Norge er eit samfunn der forskjellane aukar. Forskjellar som ikkje først og fremst handlar om etnisitet eller religion, kor du kjem frå eller kven du er. Men om du er innafor eller utanfor.

Det er mange måtar å vera utanfor på. Frå å mangla ei seng å sova i, til å vera utanfor arbeidsliv eller sosiale fellesskap. Dette  rammer ikkje berre enkeltpersonar, men gir ringverknadar for heile befolkninga.

Med TV-aksjonen NRK 2018 kan Kirkens Bymisjon skapa møter som endrar liv. Ved å opna dører og legge til rette for at fleire møtes, skal me visa kvifor årets TV-aksjon er viktigare enn aldri før. Me skal tilby menneske som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale, slik at det vert mogleg for fleire å oppnå eigne mål og draumar.

Gled dykk til konsert av dyktige elevar!

VELKOMEN!!

Billettar til Svortland skule: Mindre åleine SAMAN

  1. Ons 3. okt kl 17:30 100 kr   Storsalen Konsert Les meir Kjøp
  2. Ons 3. okt kl 19:00 100 kr   Storsalen Konsert Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_