TEATER VESTLAND: Gratis og uforpliktande verdivurdering

Nokre-og-førti år gamle Hanne bur saman med Andreas og to små born i ei leilegheit som ho vil seie er perfekt for studentar eller einslege. Så dukkar draumehuset i sjølve draumegata opp på finn.no. Hanne har studert nabolagsprofilane for heile byen, og ingen har betre nabolag enn her. Det er ein ressurssterk bydel med godt utbygde idrettsanlegg og ein høg andel sosialistiske veljarar. Dei tenker ikkje berre på seg sjølve her, nei! Viss dei berre får kjøpt det huset, skal ho starte dagen i treningsklede. Ho kjem til å bli så sprek at ho har overskot til alle. Heilt umerkeleg vil ho smelle saman ei røre og servere sveler til alle ungane, og naboane vil vere så gode venner at det er naturleg å ha grillfest saman. Og viss ho berre finn den rette eigedomsmeklaren, vil dei ikkje då få betre takst på leilegheita og «ja» til nytt huslån? Vi følger Hanne og Andreas i dagane fram mot bodrunda. Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei? «Gratis og uforpliktande verdivurdering» er basert på boka til Marit Eikemo, ein knakande god pageturner om moderne, norsk kvardagsliv.


Kunstnarleg lag
Forfattar Marit Eikemo
Dramatikar Mari Hesjedal  
Regissør Linn Meyer Kongshavn  
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington
Komponist Marianne Stranger
Lysdesignar Krystian Myska
Dramaturg Miriam Prestøy Lie
Ansvar for scenisk språkovergang Terje Lyngstad 


Medverkande
Idun Losnegård  
Kyrre Eikås Ottersen
Carina Furseth
Peder Lauvås 



Framsyningslengd: 1 time og 30 min (med atterhald om endringar)

Billettar til TEATER VESTLAND: Gratis og uforpliktande verdivurdering

  1. Fre 4. feb kl 19:00 Storsalen Teater Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_