Trio Tunnel spelar Knutsen & Ludvigsen

Det blir høg allsongfaktor når Trio Tunnel tek oss med inn i Knutsen & Ludvigsen sitt univers.

Her treff me kyr og bikkjer, elledillar og krokofantar, fargeblinde fiskehandlarar og tubaspelande, akterutsegla bestefedre. Trio Tunnel er Roald Kaldestad, Jørgen Sandvik, Endre Olsen og Ivar Loe Bjørnstad, alle på vokal, diverse strengeinstrument og kazoo. 

Passar for barn frå 4 år og oppover. 

Billettar til Trio Tunnel spelar Knutsen & Ludvigsen

  1. Søn 20. okt kl 15:00 110 kr   Storsalen Konsert Barn Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_