Vamp

I år er det 25 år sidan Vamp kom ut med sitt aller første album, ”God morgen søster”. Vamp sin velkjende song Tirn’a Noir er frå dette albumet. Dei starta samarbeidet med lyrikaren Kolbein Falkeid i 1991 og allereie året etter fekk dei platekontrakt. Tirn’a Noir vart sleppt som singel og starta eventyret for alvor. Vamp snappa sin første Spellemann føre ringrevane Bjørn Eidsvåg og Jan Eggum med sitt første album.

I dag tilhøyrer Vamp eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela. Som vêret på Vestlandet er dei fulle av kontrastar; frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege. Dei har seld plater i bøtter og spann og hausta mykje heider og ære , m.a. 5 Spellemann-prisar og Prøysenprisen. Seinast i fjor haust tok dei imot Medaasprisen 2017. Hausten 2017 kom også deira siste album ”La la la”, som fekk strålande kritikkar. 

Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei kan ausa av på konsertane sine. Det er berre å gle seg! 

Vamp består av:

Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Bjørn Berge: gitarar, banjo, vokal
Kjetil Dalland: bass, kor
Lars Eirik Støle: orgel, trekkspel, kor 

Billettar til Vamp

  1. Søn 28. okt kl 19:00 485 kr   Storsalen Konsert Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_