1

Verda er ein skandale

Haugesund Teater tek Agnes Ravatn si forteljing om å flytta frå Frogner til Sveio med seg til scena, når dei no legg ut på turne med "Verda er ein skandale". Med stjernelaget Siren Jørgensen, Ane Skumsvoll og Sandra Kolstad i rollene.

Etter eit hektisk år i hovudstaden tek Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roa ned i permisjonstida. I eit forfallent småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i Oslo, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikka vin og samtala med den næraste naboen: venen og forfatterkollega Einar Økland.

”Verda er ein skandale” handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Med oss har Haugesund Teater fått heddaprisvinnande dramatikar og regissør Toril Solvang. Musikken blir komponert og framført live av Sandra Kolstad, aktuell med den kritikarroste ”Life goes on” av Rolf Kristian Larsen på Det Norske Teatret. På scena møter me òg dei fenomenale skuespelarane Siren Jørgensen frå Stord og Ane Skumsvoll. Saman skal dei prøva å fanga essensen av Agnes Ravatn sine refleksjonar og bringa dei til scena. Er eigentleg vestlendingar betre på ironi enn austlendingar?

 

På scena:

Siren Jørgensen

Ane Skumsvoll

Sandra Kolstad

 

Kunstnarisk team:

Toril Solvang  regi og manus

Marcus Olson  scenografi og kostyme

Sofie Anderson  lyssetting

Unni Gjerde  maske

Sandra Kolstad  komponist og musikar

 

Teknisk:

Ole Frederik Pedersen  scenemester

Vibecke Nes Vigre  inspisient

Monika Salhus Bjerke  produsent

_
_
_