Verdensdagen for psykisk helse – "Lykkeliten" med Rune Andersen

Rune Andersen vaks opp med ein valdeleg far. Saman med sine tre søstre, fortalde han si historie i TV2-programmet «Vårt lille land».

Som vaksen har Rune lenge vore en folkekjær og prisløna komikar. Etter at historia hans vart offentleg kjend har det vorte viktig for han å ta temaet med inn på scenen. Han brenn for alle som har opplevd og opplever vald og overgrep som barn, og «Lykkeliten» fortel han historia med dei virkemidla han meinar er viktige; ærlighet, varme og humor. Gjennom førestellinga formidlar han tydeleg det som vart hans erfaring: Det er aldri barnet si skuld. Det finnest alltid eit håp. Gjer valg!
 
Mental Helse Bømlo er stolte over å ha fått Rune Andersen til Bømlo, til markeringa av Verdensdagen for psykisk helse. Velkommen til «Lykkeliten»; ei ærleg, rystande, og humoristisk førestelling.

Billettar til Verdensdagen for psykisk helse – "Lykkeliten" med Rune Andersen

Vis hele programmet
_
_
_