Vinterutstillinga: Anne-Sophie Blytt

No er det snart på tide å gjera om speglsalen i Bømlo kulturhus til kunstrom. Bømlo kunstlag sin vinterutstillar er klar.

Opning laurdag 23. februar kl. 14.00. Ope heile vinterferien, kl. 10–15. Velkommen!

Tradisjonen tru inviterer kunstlaget til utstilling i vinterferien. I år er det bildekunst signert Anne-Sophie Blytt som fyller salen.

Arbeida til Anne-Sophie Blytt er stille og lågmælte. Duse fargar vibrerer i bildeflata, systematiserte i eit organisk geometrisk system. Ho gjer frihandsoppteikningar på lerretet, lagar eit system av rom, og fyller deretter inn kvar geometriske eining med tynne lag av fargar. Lysande overmaling av mjuke, bleika fargar balanserer på dei underliggande gittera. Slik manar ho målaria sine fram.

Blytt maler med eggtempera – eit materiale dei gamle meisterane brukte i sine fresker som me kjenner så godt frå kyrkjene i Europa. Fargen – som både er transparent og opak – ber måleria. Blytt har gjennom sitt kunstnarskap via seg til, og forska på farge. Hun jobbar seg inn i fargar, blandar og blandar. Hva skjer når ein farge treff dei andre på lerretet? Påvirkar dei geometriske oppteikningane fargen?

Oppteikningane er viktige element i måleria. Blytt ønskjer meir enn monokrome flatar, og teikner opp system av geometriske former. I tillegg til geometriske system på kvart lerret, vert gjerne flere lerret sett saman til store måleri. Dei får ein pirrende dimensjon av å vere ruvande og store, samtidig som den personlege dimensjonen står sterkt: dei intime romma i oppteikningane står i kontrast til dei massive proporsjonene kunstnaren skaper når ho utfordrar storleiken til måleriet i eit rom.

Anne-Sophie Blytt er fødd i 1953. Ho bur i Bergen og har atelier i Kulturhuset USF. Ho er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi 1877–1982. Opp gjennom åra har ho motteke ei rekke stipend og ho har m.a. hatt utsmykkingsoppdrag på plattformene Oseberg C og Gullfaks C, Bergen Landsfengsel og Strand vidaregåande skule. Ho har delteke i utallige gruppe- og kollektivutstillingar i Oslo, Bergen, Stockholm og Strandebarm. Ho har mange separatutstillingar på samvitet, t.d. på Galleri Langegården, Bergen, Stavanger Kunstforening, Tromsø Kunstforening og Kunstnerforbundet, Oslo, for å nemna nokre.

 

Billettar til Vinterutstillinga: Anne-Sophie Blytt

  1. I morgon kl 14:00 Dansesalen Utstilling Ope
  2. Mån 25. feb kl 10:00 Dansesalen Utstilling Ope
  3. Tys 26. feb kl 10:00 Dansesalen Utstilling Ope
  4. Ons 27. feb kl 10:00 Dansesalen Utstilling Ope
  5. Tor 28. feb kl 10:00 Dansesalen Utstilling Ope
  6. Fre 1. mar kl 10:00 Dansesalen Utstilling Ope
  7. Mån 4. mar kl 10:00 Dansesalen Utstilling Ope
  8. Tys 5. mar kl 10:00 Dansesalen Utstilling Ope
Vis hele programmet
_
_
_