Ysst-konferansen 2018

Det handlar om menneske

Ysst konferansen går av stabelen 28.09.2018. I år er me så heldige å ha fått med oss Leo Ajkic, Agnethe Ellingsen, Ståle Einarsen og Ottar Nysæter Andersen. Me har fokus på heile mennesket i arbeidslivet. Leo har framandspråkleg bakgrunn og vil ha fokus på integrering i arbeidslivet. Agnethe har skrive boka "100 -dagerskoden" og fortel om dei klassiske fallgruvene leiarar går i og kva leiarar og HR kan gjera. Ståle Einarsen vil snakka om varsel og klager i arbeidsmiljøet og korleis handtera dette på ein god måte. I tillegg kjem Ottar Nysæter Andersen og fortel oss om stress og stressmeistring.

Dette vert ein variert og lærerik dag og de er hjarteleg velkomne.

Pris: 2000,- for medlem
2500,- for ikkje medlem

Klikk for påmelding (direkte til Ysst, ikkje billettsal her på nettsida)

Evt. via post@ysst.no eller telefon 53 42 80 80


Leo Ajkic

Frå Bergen med rungande røyst og klar tale. Leo Ajkic har sidan 2007 vore ein nyskapande, uredd og engasjert medieperson. Med eit brennande samfunnsengasjement og utradisjonell tilnærming til dei store og små spørsmåla i livet har Leo flytta og utfordra grenser. Sidan 2010 har han leia og bidrege til ei rekkje radio- og tv-produksjonar. 

Ståle Einarsen

Ståle Einarsen er ein leiande norsk psykolog og forskar innan arbeidsmiljøfeltet og ein nestor innanfor feltet konflikthandtering. Einarsen har gjeve ut ei rekkje bøker om arbeidsmiljø, leiing og konflikthandtering og er verdas mest siterte forskar innan feltet mobbing og trakassering i arbeidslivet.

Agnethe Ellingsen

Agnethe Ellingsen er forfattar og har leiarerfaring frå Alcatel, Telenor og rolla som fagdirektør i Mercuri Urval. Ho har sidan 2005 utvikla omfattande kompetanse innan organisasjons- og leiarutvikling, karriererettleiing og leiarutvelging. Agnethe er forfattar av suksessboka «100-dagerskoden, hvordan mestre ny lederrolle og unngå fallgruver» som har fått brei medieomtale. Ho har jobba på tvers av bransjar, i både inn- og utland, og er ein populær kurs- og føredragshaldar. Ho har mellom anna ein MBA fra NHH og underviser i leiingssfag.

Ottar Nysæter Andersen

Ottar studerte psykologi ved Universitetet i Aarhus, og vart uteksaminert i 2013. Sidan då har han jobba på Stord DPS, på allmennpoliklinikken. Han har brei erfaring med allmenpsykiatriske problemstillingar som depresjon og angst. Han er leiar for OCD-teamet i Helse Fonna og jobbar mykje med tvangsliding og andre angstlidingar. Elles er han bergensar, men har røter på Stord.

_
_
_