Raske Menn: 19-års jubileumsshow

Om arrangementet

Raske Menn er sprengklare med sitt «19-årsjubileumsshow»
Dei orkar rett og slett ikkje å vente lenger!

Er du ein av hundretusenvis av nordmenn som har sett Raske Menn opp gjennom åra, eller ein av milliardar nordmenn som med kjærleg finger har klikka på dei på YouTube?

Eller er du ein av dei som har gått ut frå ein Raske Menn-framsyning og tenkt: Dette er den lykkelegaste dagen i mitt liv, den kjem aldri tilbake.
Jau då! Slapp av, den gjer det!

7.mars 2025 står trioen i Bømlo Kulturhus med sitt 19-årsjubileumsshow som vil ose av nostalgi, latter og rein glede. 

Framsyningslengde: 85 min. 

 

Praktisk info: 

Kulturhuskaféen opnar ein time før show. Her vil me servera noko godt i glaset, samt du kan kjøpa småmat av salt og søtt.

Etter show held me ope så lenge det er folk og seinast 00:00. 

Det er skjenkeløyve denne kvelden, personar under 18 år må difor kome i følgje med vaksne. Alderskontroll i baren. 

Mat må du nyte i kaféen, drikke kan takast med inn i salen. Baren er stengt under framsyning. 

Me tilrår at du kjem i god tid om du kan, slik finn du lettare parkeringsplass og det beste bordet i kaféen.

Ingen bordreservasjon.

I kiosken vår kan du kjøpe det du måtte ynskje av mineralvatn,popcorn, sjokolade og snacks.

Velkommen til ein minnerik kveld i Bømlo kulturhus! 

Er du eit firma eller ei gruppe?
Visste du at du kan booke eit avskjerma område eller spesialtilpassa matservering? Ta gjerne kontakt med oss på [email protected], så kan me skreddarsy eit tilbod til deg.