Riksteatret: Apestjernen
Billetter
Om arrangementet
Tenk å plutseleg få ein gorilla som mamma!
Ni år gamle Jonna har alltid drøymt om å ha ei mamma. Ein dag svingar ein gammal, skitten Volvo inn framfor barneheimen der ho bur – og ut av bilen stig ein gorilla. Ho vil adoptere Jonna, men Jonna er litt usikker. Korleis er det eigentleg å få ein stor, rufsete og spinnvill gorilla til mamma? Og kva om det er sant det dei seier – at gorillaer et små barn?!
Ta med barna og gjer noko gøy saman når Riksteatret gjestar kulturhuset med teaterversjonen av Frida Nilssons overraskande, morosame og gripande barnebok – ei varm forteljing om familielykke som oppstår når ein minst ventar det. Ingen familiar er like.
I hovudrolla som Jonna møter du Ina Svenningdal (fra NRKs «Linus i svingen» og «Skam») i ei leiken og fargerik framsyning med artige figurar og songar du lett kan få på hjernen.
Sagt om boka:
«I klasse med Astrid Lindgren … et varmt eventyr om raus og uvanlig foreldrekjærlighet.» Aftenposten
«Storartet ledestjerne … tidløse kvaliteter som passer like godt i vår tid.» Barnebokkritikk.no
«Som Astrid Lindgren er Frida Nilsson trofast mot barnets blikk»
NRK
PS! Viss det skulle dukke opp ein gorilla i ein stygg bil i livet ditt: Grip sjansen! Ting er ikkje alltid som dei ser ut.
Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).
Passar for barn frå 5 år.
Urpremiere i Oslo, Nydalen 8. oktober 2026
Turnépremiere i Kristiansund 14. oktober 2026
Med Ina Svenningdal, Marte Stolp, Karianna Sommero, Mailin Moon Lee Øgrim, John Hagen, Nils Oortwijn og Herman Hilde Pedersen.
Av Frida Nilsson. Dramatisert av Jenny Svensson. Regissør og koreograf Jakob Höglund. Scenograf og dokkedesignar Heini Maaranen. Kostymedesignar Heidi Wikar. Lysdesignar William Iles. Komponist og lyddesignar Stefan Johansson. Dramaturg og sufflør Christina Smeby. Kunstnarisk rådgjevar Grethe Henden. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.
