Riksteatret: Mio, min Mio

Om arrangementet

Astrid Lindgrens eventyrlege klassikar

«Mio, min Mio» er historia om den foreldrelause guten som blir prins Mio. Ei storslått og vakker forteljing om sakn og einsemd, venskap og ondskap og det sterke bandet mellom barn og foreldre. 

Bo Vilhelm Olson bur hos fosterforeldre som meinar det var ei ulukke å få han i hus. Ein dag han sit åleine på ein benk, skjer det noko merkeleg. Han blir ført til Landet i det Fjerne. Der ventar hans far Kongen, som har lengta etter han sidan han blei fødd. 

Denne vakre framsyninga i Hilde Brinchmanns regi blei kåra til «Årets beste barneforestilling», Heddaprisen 2019. Med Riksteatret får barn og vaksne over heile landet oppleva teatereventyret der dei sjølv bur. 


ALDERSGRENSE

Aldersgrensen for forestillinga er 6 år. Vi anbefaler ikkje å ta med born som er under 6 år.

Forestillinga foregår inne i eit lukka scenerom der publikum kjem veldig tett på scena og skuespillarane. Det er heller ikkje like lett å forlate eller å komme og gå til og frå dette scenerommet, som når man sit i ein vaneleg kulturhussal.

Historia om Mio som kjempar mot det onde er ein dramatisk fortelljing. Saman med sterke virkemidler som dramatiske kostymer og masker, scenerøyk, lys og høy lyd kan forestillinga virke skremmande på dei minste borna.

Vi er klar over at born har ulik erfaring med å gå i teater samt opplever sanseinntrykk svært ulikt, som betyr at det vil være noen som kanskje synes det kan være skummelt selv over anbefalt alder.

Difor er det fint å sjå forestillinga saman med ein trygg vaksen og vi har valgt å sette ein nedre aldersgrense til 6 år.

"En fantastisk opplevelse"
Romsdals Budstikke (6) 

"Magiske, mytiske Mio"
Sunnmørsposten (5) 

"Det er ikke få voksne som har kommet hulkende ut fra denne sterke barneforestillingen."
Hedda-juryens begrunnelse 

På scenen
Maja Evenshaug Christiansen, Arjan Nilsen og Martin Karelius Østensen

Team
Regissør: Hilde Brinchmann, Scenograf: Paul Sebastian Garbers, Kostymedesigner: Helena Andersson, Komponist og lyddesigner: Eirik Myhr, Lysdesigner: Jonas P A Fuglseth, Kampkoreograf: Kristoffer Jørgensen, Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen, Inspisient og turnéleder: Jan Huse, Produksjonsassistent, Sufflør: Frida Adele Overvåg og Produksjonsassistent, Sufflør: Ester Gjermundnes

Av Astrid Lindgren. I Hilde Brinchmanns dramatisering. 

Forlag: Nordiska A.p.S - København

Framsyningslengde: 1 time 10 minuttar (ingen pause).

Nypremiere: Oslo / Nydalen 3. mar 2022 
Turnépremiere: Tynset 9. mar 2022

Produsert av Teatret Vårt i samarbeid med Nordland Teater. Produsert for turné av Riksteatret.