Roger Stangervåg og Heidi Lambach

Om arrangementet

Vi er stolte av å få kome tilbake til Bømlo Kulturhus for å halde konsert! Etter den store suksessen med førre konsert, der nærmare 300 fornøgde gjester samla seg i storsalen i samband med dobbel albumlansering med Roger Stangervåg og Heidi Lambach med band, ser vi no fram til å skape enda ei flott, intim konsertoppleving – denne gangen i den vakre foajeen.

Denne kvelden vil by på låtar frå tidlegare utgivelser, men også mykje ny musikk som er laga i ettertid. Det vert ei kveld fylt med gode stemningar, musikk og minner – eit heilt spesielt møte mellom artistane og publikum.

Artistane er sterkt opptatt av at publikum skal få nyte musikken i beste lyd- og lysforhold. I samband med denne konserten har vi med oss lydtekniker Ivar Birkeland, som også står for den flotte lyssettinga i rommet. Dette skal bidra til å skape ei stemningsfull og minneverdig kveld for alle.

Vi ynskjer velkomen til ei uforgløymeleg kveld med god musikk og nye opplevingar!

_____________________________
Open bar. 
Baren held ope også etter konsert - så her er det annledning til å hygge seg utover kvelden i godt lag.