Seven Drunken Nights: The Story of the Dubliners

Om arrangementet

Opplev historia om Irlands stolte sønner The Dubliners!

 

Etter utsolgt turné i Storbritannia, Noreg, fleire utsolgte show i London’s West End og 69 show i Nederland, kjem Seven Drunken Nights – The Story Of The Dubliners tilbake til Noreg for tredje gong, i 2022.

Dette 2 -timer longe showet gjenskapar musikken og historia til Irlands favoritt sønner The Dubliners. Showet fortel om ein karriere som strekker seg over 50 år for Ronnie Drew, Luke Kelly, Barney McKenna, Jim McCann, Ciaran Bourke og John Sheahan.

Talentfulle musikarar og vokalistar gir nytt liv til Dubliners ikoniske musikk.  Men dette er ikkje berre ein konsert. Historia til The Dubliners vert fortalt av showets karismatiske hovudvokalist og kreative regissør, Ged Graham. Eit spesielt designa scenesett førar publikum til Dublins gater og O’Donoghue’s Pub, der The Dubliners historie starta.

Showet skapar ein autentisk stemning og innlevelse, der publikum rives med og syng og klappar til låtar som The Wild Rover, The Black Velvet Band, The Irish Rover, Molly Malone, Finnegan’s Wake, McAlpine’s Fusiliers og sjølvsagt The Seven Drunken Nights.

Kort sagt er denne feiringa av The Dubliners ein feiring av irsk musikk. Det er ein kveld full av humor, musikk og ‘craic’ (irsk for underhaldning, spøk, artig småprat og morro).

«Fikk taket til å løfte seg med The Dubliners»  – Agderposten

«5 Stars – Theatre and Performance» – Irish World