Morild: Siri's Svale Band

Om arrangementet

Laurdag 21. september får MORILD og Bømlo Kulturhus besøk av Siri` Svale Band.  Dette bandet blei lagt merke til då dei i 1989  var  «haedliner» på Moldejazz. 
Me kan trygt si at me får besøk av eit band beståande av nestorar innan norsk jazz. Bandet har 3 utgjevingar som alle har fått flotte kritikkar.
Bandets besetning med El-bass, kontrabass, baritonsaksofon, trommer samt vokal  gjer bandet eit heilt spesielt uttrykk. Dei to bassistane utfyller kvarandre  og det skaper ein kul sound som man ikkje kan unngå å leggja merke til. Cool-jazz var ei retning innafor jazztradisjonen, og då er det greit å vite at «svale» i  bandets namn viser til «sval» i betydninga cool. Så namnet på bandet kunne like gjerne vore «Siri`s kule band»

I tillegg til den tøffe sound`en som dei to bassistane Bjørn Alterhaug og  Celio Barros  leggjar i botn, løfter saksofonisten John Pål Inderberg uttrykket med  sin «cooljazz»-inspirerte spillestil.  Når då Carl Håkon Waadelands leggjer til ei blanding av jazzrelaterte groover og elementar frå norske trommelåtar og vokalist Siri Gellein topper det heile med sin intime og ekspressive stemme som heilt klart er inspirert av soulmusikk-  ja - då vert dette ein kveld du ikkje bør gå glipp av!