Sjakkveld i biblioteket

Om arrangementet

Er du glad i å spela sjakk?
Kvar torsdag frå 3. november til 15. desember blir det opne sjakkveldar i biblioteket. Du treng altså ikkje billett. Her er det berre å møte opp for ein hyggeleg kveld!
Me sett ut sjakkbrett så du kan komma og spela i lag med andre interesserte, uansett alder og språk. Her får du moglegheit til å treffe andre entusiastar og ein arena til å dyrke hobbyen din.
Desse kveldane kjem i tillegg til Bømlo Sjakklubb sitt tilbod som startar 19. november.

Arrangementet er gratis.
Velkommen til sjakkspeling i biblioteket.