Sommarutstilling: Karina Herteig

Billetter

Om arrangementet

Bømlo kunstlag opnar sommarutstillinga 2026, og presanterer Karina Herteig - Maleri & skulptur. 

Ho blandar uttrykk og teknikkar både når det gjeld måleriet og dei skulpturelle objekta for å skapa eit uniformt språk. Når ho seier objekt, er det for å få fram den spesielle gjenstandskarakteren som desse har. Gir det eit ekstra tillegg av liv og vitalitet og ein materiell verkelegheitsgehalt. Set fantasien i gang ved den rikdommen av assosiasjonar som formene og materiala gir.

Ho bruker ting som tidlegare har hatt ein funksjon, ei forhistorie, kan vera gått i stykke eller er kasserte, blitt til overs, transformerte.

Naturen, som blir konfrontert med teknologien. Nysgjerrigheit på omgjevnadene, både når det gjeld dei større samanhengane, men også heilt ned i detaljane. Gjenbruk. Gamle brukte materiale og gjenstandar som tida har gitt sitt preg gjennom ei røff og ujamn overflate. Dei kan ha ei spennande eller ei vakker form, og dei kan vera menneskeleg uttrykksfulle. Ei dobbeltheit med ein assosiasjonsrikdom som gir mangfald av meining og liv. Det økologiske medvitet er den moralske utfordringa og ligg i gjenbruket.

Måleria har gjerne også ei dobbeltheit. På den eine sida prøver ho å gi ein karakter av noko som er umiddelbart og spontant fanga, på den andre sida ber dei spor av ei nøye bearbeiding, som igjen er knytt til ønsket om ein levande struktur i overflata. Alt frå tørrpastell, oljemåleri og akryl til oilsticks og bivoks, aluminium, silkepapir og bladgull. Dette kan vera måla på alt frå finerplater og lerret til tjærepapp og trepallar. Akkurat som skulpturane får måleriet og teikningane skulpturen sine materielle kvalitetar.

Tematikk: Natur, gamalt og nytt, gjenbruk, forskjønning, mangfald, transformasjon og fragmentering.