Tollak til Ingeborg
Billetter
Om arrangementet
Teater Vestland og Riksteateret presenterer
Tollak til Ingeborg
av Tore Renberg
«Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama» NRK
Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.
Det er på tide å fortelje.
Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet, og romanen er selt i over 70 000 eksemplar. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette mørke og intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.
Sagt om boka:
«Intet mindre enn en drivende god og ubehagelig litterær thriller.»
VG
«Noe av det beste Tore Renberg har skrevet»
Aftenposten
«Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama.»
NRK
«Et mannsportrett, en tragisk familiehistorie, en kulturkritikk, en vakker bok om kjærligheten»
Nettavisen, 6
«Blir sikkert ståande som ein av dei store i Tore Renbergs forfattarskap»
Bok 365
Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora. Det visuelle universet vert skapt av scenograf Milja Salovaara og lysdesignar Martin Myrvold. På scenen møter du Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Stian Isaksen og Harald Ottesen Nødtvedt
Urpremiere i Førde 28. september 2023
Tollak til Ingeborg er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteatret. Urpremieren er Teater Vestland si opningsframsyning i Nynorskhuset i Førde, og stykket skal på turné i heile landet.
Dramatisert av Tore Renberg
Regissør Miriam Prestøy Lie
Scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara
Komponist og lyddesignar Selma Stang
Lysdesignar Martin Myrvold
Språkkonsulent Terje Lyngstad
Produsent Silje Vigerust Vinjar
Medverkande Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Harald Ottesen Nødtvedt med fleire.