Teater Vestland: Torn & Rose i Eventyrland
Billetter
Om arrangementet
Teater Vestland presenterer Torn & Rose i Eventyrland
Krise! Eventyrland har begynt å miste sin magi og det er like før det blir snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet! I eit forsøk på å løyse dette problemet inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!
Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland. På vegen kjem dei til å støyte på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar - og kanskje til og med ein heilt ekte drake?
Familieframsyninga er produsert av Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt. Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!
---
Begrensa antall plassar!
Høver for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.
Framsyningslengd: Ca 70 minutt (med atterhald om endringar)
Dramatikar og regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid
Dramaturg Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist og lyddesignar Johann Prell
Lysdesignar Vegar Angel Andreassen
Videodesignar David Lejard-Ruffet
Prosjektleiar, Glitch Studios Sami Hamid, Tobias Barvik
Animatør Onat Döker
Teknisk rådgjevar, ARShows Isaac Barel
Produksjonsrågjevar, ARShows Sasha Kreindlin
Medverkande Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård
Torn & Rose er ein samproduksjon mellom regionteatera: Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt.