Temakveld: Kvifor er det så vanskeleg? Ein samtale om menn og mental helse
Billetter
Om arrangementet
Menn oppsøker hjelp for psykiske helseutfordringar sjeldnare enn kvinner, og er overrepresenterte i sjølvmordsstatistikken. Kvifor er det slik? Kva ligg bak den høge terskelen for å be om hjelp? Og kva kan me gjere for å bryte ned barrierane?
Biblioteket inviterer til ein viktig panelsamtale med kommunepsykolog Øivind Johnsen og fleire gjester. Me har ikkje alle svara, men ønskjer å løfte fram eit tema som ofte er tabubelagt – og som rører ved mange. Det vil også bli mogleg å stille spørsmål frå salen.
Arrangementet er gratis og ein del av programmet for Verdsdagen for psykisk helse.
Velkommen til ein viktig samtale i biblioteket.