Temakveld: Pensjonist ikkje passiv, med Truls Horvei

Om arrangementet

Torsdag 12. februar kl. 18.00 få me besøk av Truls Horvei med foredraget Pensjonist men ikkje passiv. Eit foredrag om overgangen frå eit aktiv, sosialt yrkesliv til noko ukjent. Truls skriv om foredraget:

Når du blir pensjonist, blir det plutseleg stille. Du mistar kollegaer, alt det sosiale. Mange, og særleg menn, har ikkje førebudd seg nok på det å slutte i jobben. Eg hadde heldigvis eit forfattarskap, og kunne halde fram med å skrive. Så byrja eg å ta opp att måling, som eg dreiv med då eg var om lag 20 år. Barnebarn, hytteliv på Kvamskogen, reiser vart ein del av den nye tilværet min.

Horvei vil komma med råd om kva en kan ta seg til i eit nytt tilvære som pensjonist, og fortelje om sine bøker Framoverlent i fluktstol og Små fristelser.

Mange kjenner Truls Horvei som journalist frå Haugesunds avis der han jobba i 37 år, og som kulturjournalist i 18. Mange bømlingar har blitt intervjua av Truls oppgjennom åra.

Velkommen til eit spannande og innhaldsrikt foredrag i biblioteket.

Arrangementet er gratis.