Tønes: Kå e det du lure på

Om arrangementet

Tønes og Erlend Aasland møter hausten med gamle pressebilete, litt eldre låtar – og heilt nye publikumsperspektiv. Den beste tida av året står framfor oss. Med klare fargar og kaldt vatn omfamnar Tønes og Erlend Aasland haustmånadene med ei lun og akkurat passe kritisk turné.

Duoen tar opp viktige spørsmål om presise selskapskutymar, sentrale leggerutinar og korrekt behandling av frysevarer. Haustturnéen kjem også med ein heilt ny publikumsspalte: Alle med gyldig billett kan sende inn spørsmål dei treng synspunkt og innfallsvinklar på i forkant av konserten.

Tønes og Aasland tar seg god tid til å svare på kva det enn er folk gnager og lurer på. Turnésamarbeidet vert for øvrig markert utan noko større oppstyr. Pressebileta er dei same som sist. Plakaten er også nesten lik, men det har kome inn ein ny og ungdommeleg font som kanskje kan få folk til å lure på om Tønes har byrja med elektronisk musikk. Og det har han kanskje.

 

Praktisk info

Kulturhuskaféen er open før og etter show. Her vil me servera noko godt i glaset, samt du kan kjøpe vafler, is, rykande varm kultur-rull m/ost eller potet, pizza, samt eit utval av søte og gode bakverk.

Det er skjenkeløyve denne kvelden, personar under 18 år må difor kome i følgje med vaksne. Alderskontroll i baren. 

For meir informasjon om serveringstilbodet vårt: https://bomlokulturhus.no/popp-opp-kafe-qf25wr/