Verdensdagen 2026: Oliver Bergset #hverhandlingteller

Om arrangementet

Oliver Bergset er programleiar i NRK og ein profilert innhaldsskapar med stor gjennomslagskraft blant unge. Han er særleg kjend for å nå ei målgruppe det ofte kan vere vanskeleg å få i tale – unge, og spesielt gutar. Gjennom openheit om eigne erfaringar og ein kombinasjon av humor og alvor, set han ord på kor avgjerande tillit er for psykisk helse – mellom barn, ungdom og vaksne.

Oliver løftar fram korleis relasjonar i kvardagen – heime, på skulen/arbeid og i fritida – kan vere avgjerande for om ein kjenner seg trygg og høyrer til. Korleis kan vi som vaksne skape tillit – slik at barn og unge faktisk vågar å kome til oss?

I år er temaet for Verdsdagen for psykisk helse: Tillit er beredskap – #hverhandlingteller.

Det handlar om korleis små handlingar i kvardagen kan bety mykje – om vi ser kvarandre, bryr oss og skapar rom for å høyre til.

Etter at Oliver har snakka til vår ungdomar i ungdomsskule og vidaregåande skule på dagtid, vil han på kvelden ha fokus på det breiar publikum og me vil avslutte med ein paneldebatt der Oliver deltek saman med ungdom og fagpersonar i kommunen. Me vil og få musikalsk innslag frå våre unge lovande! 

Varmt velkomen! Dette arrangementet passar for alle!