Verdsens labyrint og hjartans paradis

Om arrangementet

«Verdsens labyrint og hjartans paradis» - ein teaterkonsert for kyrkjer

«Verdsens labyrint og hjartans paradis» er ei teaterkonsertframsyning av Scenekraft. Framsyninga bygger på Jan Amos Comenius si bok frå 1623, tolka i samspel med Petr Eben sitt store orgelverk frå 2002. Desse verka skildrar livet som ei uoversiktleg og krevjande vandring, fylt av villfaring og uro, der mennesket likevel kan finna eit indre paradis i hjarta, med fred, trøyst og åndeleg sanning. Ein klassisk tematikk som passar for eit publikum 2025, sjølv om teksten er frå tidleg 1600-talet. 

I kyrkjerommet møter vi skodespelar Nina Sele, dansar Synne Garvik og organist Lars Inge Tjøstheim. Regi er ved Elsa Aanensen og foto ved Linn Karen Førland.


Teksten i framsyninga er basert på omsettinga til Milada Blekastad. 

Varigheit 1t og 15 min

Teaterkonserten var i februar spelt i kyrkjer på Karmøy, Haugesund og Stavanger, og vitjer Bremnes kyrkje 22. mars kl. 19.00.