VitenShitShow

Om arrangementet

Vitenshitshow med Dennis Siva og Stian Sandø

Dennis Siva og Stian Sandø, kjende frå Newton på NRK, har i ei årrekkje underhalde barn og unge med sitt populære sceneshow! Her tek dei med seg det beste og morosamaste frå TV. Showet er ein herleg cocktail av flammar, eksplosjonar, latter og læring!

Dennis Siva Lie er ein prisvinnande programleiar og energisk formidlar. Han studerte biologi ved UiO, og med stor lidenskap for klima og natur tek han med seg eit sterkt engasjement inn i både føredrag og show. Han starta som programleiar i NRK i 2019 for det populærvitskaplege programmet Newton, og seinare Superkroppen og Ikkje gjer dette mot klimaet, som gir publikum ei unik blanding av underhaldning og læring. Han har vunne både Emmy og Gullrute.

Stian Sandø er ein 32 år gammal programleiar, TV-personlegdom og gründer. Han gjekk på Ski vidaregåande skule. Han har studert datavitskap og elektroingeniørfag ved NTNU. Han har starta eller eig ei rekkje selskap, mellom anna D-SCOR, Flare og Nerdekollektivet. Frå NRK er han mellom anna kjend frå Newton, Sommeråpent og Unormal.

Passar for barn frå 5 år.