Yoga og høgtlesing
Billetter
Om arrangementet
Onsdag 25. februar kl. 18 tilbyr me Yoga med høgtlesing for vaksne i biblioteket. Dette blir ei lågterskel yogaøkt der fokuset er å finne gode kvilestillingar, slik at alt ligg til rette for å kunna lytta til teksten. Me les novella «Mannen som plantet trær» av Jean Giono, frå start til slutt. Klassen vert leia av bibliotekmedarbeidar og yogainstruktør Anita Myhre Gravdal, som også les teksten.
Du treng ikkje ha tidlegare erfaring frå yoga for å delta. Du treng heller ikkje vera sterk, fleksibel eller ha god balanse, då alle øvingane vert utført liggande på matter på golvet. Kom som du er – alle kroppar er velkomne.
Ta med:
- Yogamatte
- Bolster
- Yogaklossar
- Pledd
- Lita pute (valfritt)
- Augepute/-maske (valfritt)
Er det noko av dette du ikkje har sjølv kan det lånast, men då treng me beskjed om dette på mail: [email protected].
Arrangementet er gratis, men ta ut billettar grunna begransa antal plassar, 25stk.
Velkommen til yoga og høgtlesing for vaksne i biblioteket.
