Vil du drive matservering i Bømlo kulturhus?

Bømlo kulturhus ser etter ny drivar av serveringstilbodet i kulturhuset.

Me ønskjer å kome i kontakt med engasjerte drivarar, som med sin kreativitet og gode konsept kan utnytte potensialet i eit spanande hus.

Bømlo kulturhus har mellom 60 -70 000 besøkande årleg. Desse kjem på kino, bibliotek, sceneshow, konsert, teater, øvingar, kurs- og konferanser. Over 40 000 av desse er førehandsvarsla gjennom billettsal eller arrangementsbooking.

Kaféarealet på ca. 90kvm, ligg i hovudetasjen i Bømlo kulturhus, og er knytt til foajeen og eit terrasseområde med flott utsikt over Storavatnet. Våre besøkjande ønsker seg eit godt måltid og noko i glaset før konsert eller teater, ein god kopp kaffi og lunsj medan dei låner ei bok, gode samlande matopplevingar i samband med kurs-og konferanse, sunt magefyll til små kulturskuleborn og foreldra deira, noko godt før filmen og mykje, mykje meir.

Me meiner her er store mogelegheiter for å utvikle eigne spanande konsept og si heilt unike kundegruppe, knytt til den varierte aktiviteten på huset. Saman kan me finne gode samarbeid, der me kan løfte kvarandre og kulturopplevinga.

Interessert?
Ta kontakt for ein uforpliktande samtale innan 08.02.24

Har du spørsmål?
Kontakt dagleg leiar Hanne Jacobsen95800261/ [email protected]
eller styreleiar Sonja Hellen Sele932 63 698/ [email protected]